God jul, Timini!

Dei siste eksamenane og prosjektoppgåvene er ferdige og feira, hybelen er forlatt, og gåver er kjøpt og pakka inn. Det har vore eit travelt semester, men i dag får vi endelig legge oss tilbake og tilbringe tid med dei vi har mest kjær. Julematen settast på og osen av julestemning sniker seg rundt i alle krikar og krokar i heimen. Vi vonar at alle får ein minnerik kveld!

Vi i Styret vil takke alle som har vore med og gjere dette til ein fantastisk haust med mykje aktivitet. Snart trer det nye Styret inn, og vi er gledar oss til å sjå kva dei vil få til på det nye året.

God jul!

Julehelsing frå Styret :xmas:

Kommentarer

Du må være logget inn for å se og poste kommentarer.