Sommerjobb innen kryptologi Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)

Nasjonal sikkerhetsmyndighet har no lyst ut sommarjobbar innan kryptologi, og me vil gjerne dele desse med dykk og medlemmene dykkar! Me trur mange av studentane dykkar vil passe godt til ein slik sommarjobb, og håpar de vil dele utlysinga til dømes på nettside, Discord, Facebook eller via e-post til medlemmene dykkar.

Sommarjobben går ut på å gjennomføre eit forskingsprosjekt, det vil seie å arbeide med ei gitt problemstilling knytt til kryptografi, gjere undersøkingar og rapportere funna. Døme på moglege tema er analyse av kryptografiske algoritmar og protokollar, implementering av kryptografi, kvantemekanikk i samanheng med kvantedatamaskiner, samt andre emne som kan vere relevante for kryptografi.

Dersom de har spørsmål, er de velkomne til å ta kontakt med meg (jonas.lidal@nsm.no), eller Arne Tobias (arne-tobias-malkenes.odegaard@nsm.no).

Søknadsfrist 02.02.2026

link til annonsen

Kommentarer

Du må være logget inn for å se og poste kommentarer.