Forsvarets Forskningsinstitutt - FFI

Denne jobbannonsen har utløpt på dato. Informasjonen kan være unøyaktig, feil eller foreldet.

Er du lysten på ei utfording i eit spennande forskingsmiljø? Ved FFI tilbyr vi attraktive sommarjobbar innanfor mange ulike fagfelt.

Vi har prosjekt innanfor:

  • elektrooptikk og laserfysikk
  • halvleiarfysikk
  • material- og nanoteknologi
  • distribuerte system og nettverk
  • og mykje meir!

Kvar? Arbeidsstaden er på Kjeller ved Lillestrøm eller på FFIs eining ved Karljohansvern i Horten. I 2010 hadde vi om lag 50 studentar i sommarjobb ved FFI i 8-10 veker.

Kven kan søke? Studentar på høgare utdanningsnivå kan søke. Oppgåvene er tilpassa forventa kunnskaps- og erfaringsverdi, eller litt høgare. Kjennskap til Forsvaret er ikkje naudsynt.

Søknaden: Vi må ha søknaden din seinast 1. mars! Den tidlege fristen skuldast mellom anna arbeidet med tryggingsklarering. Aktuelle kandidatar vil få tilsendt ein blankett for personopplysningar, som du fyller ut og returnerer.

Sjå inspirerande film med Elisabeth i 3. og søk jobb her.

Kommentarer

Du må være logget inn for å se og poste kommentarer.