Sommerjobb hos FFI

Denne jobbannonsen har utløpt på dato. Informasjonen kan være unøyaktig, feil eller foreldet.

​Er du lysten på ei utfording i eit spennande forskingsmiljø? Ved FFI tilbyr vi attraktive sommarjobbar innanfor mange ulike fagfelt.

Arbeidsstaden er på Kjeller ved Lillestrøm eller på FFIs eining ved Karljohansvern i Horten. I 2010 hadde vi om lag 50 studentar i sommarjobb ved FFI i 8-10 veker.

Kven kan søke? Studentar på høgare utdanningsnivå kan søke. Oppgåvene er tilpassa forventa kunnskaps- og erfaringsverdi, eller litt høgare. Kjennskap til Forsvaret er ikkje naudsynt.

Søknaden Vi må ha søknaden din seinast 1. mars!

Den tidlege fristen skuldast mellom anna arbeidet med tryggingsklarering. Aktuelle kandidatar vil få tilsendt ein blankett for personopplysningar, som du fyller ut og returnerer.

Send søknaden elektronisk frå Ledige stillingar.

Legg ved CV og attesterte vitnemål/karakterutskrifter frå vidaregåande skole og høgskole/universitet. Fortel gjerne kort om hobbyar og fritidsinteresser. Ønskjer du å jobbe innafor eit spesielt fagfelt, må du opplyse om det.

Du kan sende attestar/vitnemål i posten om du ikkje har dei elektronisk, og då må du hugse å merkje dei med ref. nr. 11/01585. Søknadspapir blir ikkje returnerte.

Kommentarer

Du må være logget inn for å se og poste kommentarer.